Bookmark and Share | |
Hjem > Opplevelser > Gåsøyfjøset

Gåsøyfjøset - Klaapsetra på Gåsøya 

  IMG_1591.JPG IMG_1591.JPG




Gåsøyfjøset - Klaapsetra på Gåsøya
Vertskap: Edel og Trond Klaape-Aasdal
Klaape Kulturformidling
Adresse: Gåsøyvegen 632, 2657 Svatsum 

Tlf.: +47 412 13 168

E-post: trond@klaape.no
Heimeside: www.klaape.no
Facebook: www.facebook.com/klaape



 

GÅSØYFJØSET - Klaapsetra på Gåsøya i Øvre Svatsum, Vestre Gausdal.

Med enkle grep er eit gamalt seterfjøs gjort om til arena for kulturopplevingar og servering.
Ein stad for samtale og refleksjon kring aktuelle utfordringar for menneske, natur og samfunnsliv.

Av matrikkelen frå 1668 går det fram at Klaape gard hadde sommarseter på Gåsøya. Her var det eit yrande liv i sommarmånadene, med budeier og slåttefolk, storfe og småfe. Dei siste åra med aktiv seterdrift var prega av aukande spesialisering i husdyrhaldet. Da seterdrifta på Klaape tok slutt i 1977, vart det gamle seterfjøset stående tomt, og drifta vart konsentrert kring mjølkeku og kjøttproduksjon. Tavlene til Blomros, Baslin og Raudyr heng framleis over båsane i seterfjøset, og ei svak lukt av ku og geit blir ei viktig påminning om den driftsforma som la grunnlaget for framveksten av Gåsøya som setergrenda. I dag blir seterlykkje og hamning nytta til fôrproduksjon og beite. 

"I truskap mot trasdisjonen,
med fokus på notidige forhold og utfordringar,
med forankring i røtene og vidsyn mot omverda,
ønsker vi å gje Gåsøyfjøset form og innhald som synleggjer
vårt felles ansvar for å verne om alt det skapte".

Arrangement på Klaapsetra:

Følg med på oppdateringer på www.klaape.no
 

Velkommen til natur- og kulturopplevingar i Øvre Svatsum, ved inngangsporten til Langsua nasjonalpark.

Ku på Gåsøya fotograf Inge Jostein Findalen.JPG  Gåsøyfjøset Klaapsetra-ute Foto Edel Klaape-Aasdal.JPG  Gåsøyfjøset Klaapsetra-inne Foto Tarjei Kårfald.JPG

Ku på Gåsøya. Fotograf: Inge Jostein Findalen. 
Ved kjerrehus Gåsøyfjøset, Klaapsetra. Fotograf: Edel Klaape-Aasdal.
Interiør Gåsøyfjøset, Klaapsetra. Fotograf: Tarjei Kårfald
 Ku på Gåsøya fotograf Inge Jostein Findalen.JPG Utsikt frå Klaapsetra. Fotograf: Edel Klaape-Aasdal


 
Hvor ligger dette?

Gåsøya,
Øvre Svatsum i Vestre Gausdal.

Vegen til Gåsøya frå Segalstad Bru:
Fv. 255, Bjørnsonvegen, til Øvre Svatsum.
Følg skilting til Gåsøya frå Joker Svatsum, ca. 9 km. 6 km av vegen har bomavgift.

Bilveg heilt fram.
Stor parkeringsplass.
Gratis parkering.


bjvegenlogo.bmp
 

Avstand:
Ca. 45 min. frå Segalstad Bru

Sesong:

Sommar og haust

NB!
Ta med kontantar!
Vi har ikkje terminal for betalings- / kredittkort.

Attraksjonar og opplevingar i nærmorådet:
Bjørnsonvegen       www.bjornsonvegen.com
Helvete Naturpark  www.helvete.info
Kulturstua i Ro       www.kulturstua.no
Aulestad                www.aulestad.no